Site icon Lykten

Redaksjonell usynleggjering av svarinnlegg: A-lag og B-lag for debattantar?

Artikkelen er hentet fra Målmannen:

Sjølv upplivde eg å koma under åtak i Vox Publica, eit nettmagasin for «demokrati og ytringsfrihet». Eg sende redaksjonen ein e-post med mitt svarinnlegg og bad um å få det på prent. Samstundes skreiv eg ei stutt melding i kommentarfeltet der eg gjorde det klårt at eg hadde sendt dei eit svarinnlegg som eg snarast råd vilde ha på prent. Denne stutte kommentaren vart ståande og venta på moderering. Same dagen svara redaktøren at dei hadde lese svarinnlegget og vurdert det – og dei vilde publisera det neste dag.

Til mi store undring vart det likevel ikkje noko av den lova publiseringi. Derimot hadde ein «Olav Torheim» (ikkje eg!) posta mitt innsende svarinnlegg i kommentarfeltet…

Medvitne grep for å gjera eit tilsvar mindre synleg og gje det mindre gjenomslagskraft

Alle andre svarinnlegg i Vox Publica vert publiserte på framsida av nettmagasinet, med link til eigne artiklar der artikkelforfattaren er presentert med byline og kontrafei. Mitt eige innlegg var derimot vorte dumpa i kommenterfeltet av ein falsk brukar som gav seg ut for å vera meg. Samstundes var all formateringi på svarinnlegget teki burt, so innlegget i kommentarfeltet var ikkje noko anna enn ein einaste stor og uleseleg ordmasse.

Slik ser eit normalt svarinnlegg på Vox Publica ut: Svarinnlegget vert lagt ut på framsida av nettmagasinet, og artikkelforfattaren fær stykkjet sitt publisert i sjølvstendig artikkel med skribent-byline og kontrafei.
Slik ser eit svarinnlegg frå ein «dissident» ut. Redaksjonen misbrukar artikkelforfattaren sin identitet og postar eit falskt innlegg i kommentarfeltet der den innsende artikkelen vert limt inn. Samstundes vert all formatering reinska burt slik at resultatet er ein uleseleg ordmasse. Det er ingen skribent-byline, ingen kontrafei og ingi publisering av svarinlegget på framsida.

Det store fleirtalet av Vox Publica sine lesarar finn artiklane i det dei vert publiserte på framsida eller distribuerte på sosiale media, det er dei færraste som gjeng inn att på tidlegare publiserte artiklar for å leita etter nye innlegg i kommentarfeltet. Når eg- som den einaste i mitt slag – uppliver at mitt innsende innlegg vert dumpa med ei falsk melding i kommentarfeltet, so er det openbert at dette vert gjort med det fyremålet at færrast mogleg personar skal få sjå mitt svar.

Forfalskar tilsvarshistorikken

Kommentarfeltet i Vox Publica er ope for alle, og vert einast moderert for å luka ut rasisme og personåtak. Dersom eg ynskte å svara i kommentarfeltet, so hadde eg gjort nett det. Eg hadde derimot sendt redaksjonen eit svarinnlegg av di eg vilde det skulde verta publisert på same måten som alle andre replikkar og svarinnlegg vert.

Medan andre svarinnlegg og replikkar på den same nettsida hamnar på framsida og vert distribuerte både på Twitter og Facebook, so vert altso mitt innlegg gøymt burt i kommentarfeltet – og det jamvel på den måten at min identitet vert stolen. Alle som les kommentaren vil tru at det er eg sjølv som valde å svara i kommentarfeltet, medan realiteten er at det er redaksjonen som hev valt å putta meg i det «b-laget» der svarinnleggi skal gjerast minst moglegt synlege for lesarane.

Gøymer saki burt for publikum med «forenklet klagebehandling»

Eg valde difor å klaga saki inn for PFU – og endå større vart difor undringi då eg fekk PFU sitt svar i ekspressfart (3 timar etterpå). PFU-sekretariatet tykte ikkje eg hadde nokor sak i det heile, og dei hadde difor teke hand um klaga med «forenklet behandling»:

«Uansett vil sekretariatet mene at klagers tilsvarsrett er tilstrekkelig ivaretatt gjennom kommentaren publisert under innlegget. Det vises til lengden/synlighet – og at innlegget tydelig er merket med hvor tilsvar kan leses. Tilsvaret kommer rett etter artikkelen, og tilsvaret vil på denne måten følge artikkelen/debatten – også for all fremtid. Hvordan publikasjoner teknisk løser signatur/byline på leserinnlegg/innhold de mottar er opp til redaktøren å avgjøre. Det avgjørende er at det tydelig vises at det er din byline, at tilsvaret kommer fra deg og at det ikke redigeres på en måte som gjør at meningsinnhold endres.»

PFU-sekretariatet kann openbert ikkje sjå det prinsipielt problematiske i saki når dei tykkjer denne framferdi er heilt i orden – og vel å avvisa heile klaga med «forenklet klagebehandling».

At mitt svarinnlegg vert gøymt burt i kommentarfeltet – og PFU-klaga mi gøymt burt i ein «forenkla» prosess som aldri kjem so langt som til å verta offentleggjord i databasen på pfu.no, det fører til at publikum vert haldne uvitande både um viktuge ordskifte og um grunnleggjande presse-etiske prinsipp. Det er lov å vona at PFU-medlemene på neste møte den 30. april er i stand til å sjå saki litt klårare enn det sekretariatet hev gjort.

Olav Torheim

Innlegget vart sendt som lesarbrev til Journalisten. Det vart refusert med fylgjande grunngjeving frå Bjørn Åge Mossum: «Vi har tatt en vurdering og besluttet at vi ikke kommer til å publisere innlegget ditt. Saken er etter vår oppfatning spesiell og for lite prinsipiell til at det vil ha stor nok verdi for vårt publikum.»

Exit mobile version