Artikkelen er hentet fra Målmannen.no
Valresultatet hausten 2015 var eintydig: 22 av 33 mandat i fylkestinget vart tekne av parti som fyre valet hadde lova å arbeida for at Sogn og Fjordane skulde halda fram som eige fylke: Senterpartiet, Arbeidarpartiet, MDG og SV. Og nyss synte ei meiningsmåling frå Sentio at 70 prosent av unge under 30 år ynskjer at Sogn og Fjordane held fram som eige fylke.
Det var organisasjonssekretær Michelle Walmann som i fjor haust kunde forsikra oss um at Sogn og Fjordane Arbeidarparti vilde kjempa for fylket sitt og segja nei til samanslåing med andre fylke. Når Målmannen i dag atter tok kontakt med Walmann for å høyra um nei-standpunktet stend ved lag framfor røystingi 6. desember, so hevdar Walmann at ho aldri hev sendt oss nokon e-post. “Då må nokon ha lurt deg”, hevdar ho når me les upp frå e-posten sendt frå Sogn og Fjordane Arbeidarparti.
Walmann bed oss taka kontakt med Monica Oppedal, og Oppedal fortel at det framleis er “uklårt” kva det er Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner. Samstundes kann ho upplysa um at det skal vera møte i representantskapet i partiet i morgon klokka seks, og der skal det takast ei avgjerd. “Eg hellar mot at det vert eit ja til samanslåing”, fortel ho på telefon. Når me konfronterar henne med lovnaden som AP gav veljarane um å segja nei til samanslåing, so svarar ho at “mange kommunar i fylket hev vore positive til samanslåing”…
Skal Sogn og Fjordane Arbeidarparti med andre ord svikta veljarane sine og gje høgresida fleirtal for å leggja fylket ned?
At Arbeidarpartiet ved tidlegare høve hev gjenge saman med Høgre og FrP um å pressa igjenom både EØS-avtala, monstermaster i Hardanger og andre åtgjerder som er skadelege for Distrikts-Noreg, det kjenner me til so altfor vel. Det gjeng inn i ein trist tradisjon med partipisk og realpolitikk som AP diverre hev vore altfor gode på. Det er likevel ingen grunn til å akseptera at Sogn og Fjordane Arbeidarparti skal svikta både eige fylke og eigne veljarar. Hald lovnaden dykkar og lytt til ungdomen: Legg ikkje fylket ned!
Skrevet av Olav Torheim